04.10.2022 av Arne Helleland
"Elieser 6" på Flekkerøya
Måndag 3. oktober kom "Elieser 6" til Flekkerøya i fint haustver.
KONTAKTEN VÅR, Elin Magnussen, stod på kaia og tok imot.
Skipper Svein måtte ta ei «lukeparkering» mellom to båtar. Det var akkurat plass til oss.
OM KVELDEN strøymde folket om bord og det vart sett fram ekstra stolar.
Flekkerøyguttane gledde forsamlinga med song og vitnesbyrd. Dei song blant anna «Ren og rettferdig, himmelen verdig, er jeg i verdens frelser alt nu».
KVELDENS TALE var av generalsekretæren som hadde Jes 61.10 som utgangspunkt. Jesus vil kle oss med rettferdsdrakt, ei ny drakt som dekker oss. Fordi vår eiga drakt er skitten av synda, treng me ei ny som han har gjort.
MIDT I MØTET vart det ein pause med kaffi og litt å bite i og eit åresalg. Det var god drøs rundt borda, og mange små gevinstar vart leverte ut då det vart trekking.
Så flott at misjonsfolket kjem med både kaffimat og gevinstar.
ETTER PAUSEN vart det meir song av Flekkerøyguttane.
Kvelden vart leia av husmor på Elieser; Siv Mette, som avslutta kvelden med fleire bibelvers. Blant anna 1 Joh 5.12: «Den som har Sønnen har livet. den som ikke har Guds sønn, har ikke livet.»
HEILT TIL SLUTT ba me velsigninga i lag. Og husmora ønskte velkommen tilbake både tirsdag og onsdag - til nye møte på Flekkerøya.
Bilde: Flekkerøyguttene - Foto: Arne Helleland