Oppdatert 30.06.2022

Landsmøte 2022 

Det var godt å vera samla på Den indre Sjømannsmisjon sitt Landsmøte 30. juni-3. juli 2022 på Nordhordland Folkehøgskole i Alver kommune.

Forslag til strategiplan for perioden 2022-26 var lagt fram for Landsmøtet. Planen var stor og detaljert, med satsingsområde og verkemiddel.


Mange melde seg på talarlista, og saka vart belyst både frå den eine og andre sida.


Eit ankepunkt til strategiplanen var at framlagt forslag var for stort og detaljert. Ein strategiplan bør innehalde hovudlinjene og satsingsområde for arbeidet.

Enkelte peika på at det også var punkt som mangla, og som burde vore med.


Strategiplanen vart til slutt vedteken med denne endring: «DISM strategi- og handlingsplan 2022-24».

Eit nytt forslag til strategiplan skal leggast fram i god tid, slik at kretsane får betre tid til å uttale seg før Landsmøtet i 2024.

André Sætre, Misjonssekretær i Møre og Romsdal

 

Landsstyret 2022-2024

Pål Vigmostad fekk fornya tillit, og held fram som landsstyreleiar i to år til.

Sjå presentasjon av styret under bildet.

LANDSSTYRET: F. v. Pål Vigmostad (landsstyreleder, gjenvalg), Thomas Kjær Olsen (arbeiderrepresentant, ny), Karsten Gjerde (nestleder, ikke på valg), Ruth Karin Smenes Kristensen (1. vara, gjenvalg), Eli-May Grønlund (styremedlem, gjenvalg). Bak: Jostein Vik (styremedlem, ikke på valg) og Solfrid Nikolaisen (styremedlem, gjenvalg). Rolf Egil Martinussen (styremedlem, ny), Øyvind Gundersen (2. vara, ny) og Hans-Isak Leithe Røsvik (3. vara, ny) var ikke til stede. Foto: Ingrid Helland.

Endring i lover for Den indre Sjømannsmisjon

Landsstyremedlemmene vart valde frå oppsette geografiske område, jfr. § 3 i lover for DISM.
Landsstyret la fram eit forslag til tillegg til denne paragrafen:
"Geografisk fordeling kan avvikes dersom det ikke er kandidater fra en region." Forslaget vart vedteke og trer i kraft frå 2024.

Det var vidare lagt fram endringsforslag til paragraf 3 og 6 frå Landsstyret og Bjørgvin krets:
Ny tekst som vart vedteke, og som kjem i tillegg til gammal tekst, er markert med feit skrift:
Til paragraf 3: "Velge kontrollkomité med tre medlemmer og en vararepresentant."
Til paragraf 6: "Kontrollkomiteen skal bestå av tre medlemmer og en vararepresentant."

Landstyret hadde vidare endringsforslag til paragraf 10. Ny tekst som vart vedteke er markert med feit skrift:
"Ansatte, frivillige medarbeidere, medlemmer, tillitsvalgte i landsstyret, kretsstyrer, styrer, utvalg og andre som er satt til å representere organisasjonen offentlig, må leve i samsvar med kristen etikk og lære i samsvar med organisasjonens basis, jfr. paragraf 1"

Meir frå Landsmøtet i Sommerbladet Trygg Havn  - Facebooksida Den indre Sjømannsmisjon Møre og Romsdal krets -  Facebooksida Den indre sjømannsmisjon.

Ingrid Helland

 

 

 

 

DISM hovudkontor:

Postboks 1904 - Damsgård
Bergen, Vestland 5830

E-post: dism@dism.no
Tlf.: 488 54 605