02.12.2022 av Ingrid Helland
"Elieser 6" på Vik i Øygarden
Siste veka med Elieser før hovudklassing, og opplag til etter nyttår.
"Elieser 6" har lagt to dagar på Vik i Øygarden; 30. november og 1. desember. Med møte begge dagane.
Misjonssekretær Andreas Bjerre Nielsen var med som talar. Solfrid Nikolaisen spelte og song på det første møtet. Elles deltok mannskapet med leiing og tilrettelegging.
Torsdag 1. desember ønskte matros Ommund Høllesli velkommen til møte:
- Me er samla om Guds ord. Det er mykje å ta av og mykje å koma til bunns i.
- Me er samla om Guds ord.
Det er mykje å ta av og mykje
å koma til bunns i."
Vidare hadde Ommund nokre alvorsord til opning. Denne tidsalder går mot avslutning og Jesus kjem snart igjen. Ytringsfriheten er trua også i Noreg. Verda går i feil retning, men det er er ein veg; himmelvegen. Gud tvingar ingen inn på denne vegen, men han kallar.
Om ikkje forsamlinga var så stor denne kvelden, så lydde fellessongen fint - med Ingolf Solsvik som stødig pianist. "Herre gjør det stille i mitt indre", var songen Høllesli hadde plukka ut før talen.
Andreas Bjerre Nielsen innleia talen med å lesa Ef:4,1-2.
Paulus var fange for Herrens skuld. Han var blitt kristen berre av Guds nåde, og fekk kall til å vera apostel og misjonær. Det kosta Paulus å følgja kallet, men han var villig til å lida for Jesu skuld. Jesus døydde fordi han elskar alle menneske. Dette vart stort for Paulus. Derfor følgde Paulus kallet - kosta kva det kosta ville.
Du som er kristen har fått eit kall frå Gud, der du er sett/plassert. Ten frimodig, for Jesus elskar alle dine medmenneske. Du har fått tilgjeving for all synd. Slik Gud har vore mild og tolmodig med deg, slik blir du kalla til å vera mot andre menneske.
Bak på serveringsdisken var det kaker og kaffi. Det er fint med denne kaffistunda, der folk får tid å prata saman. Det sosiale er også viktig om bord på møtene på Elieser.
Det vart seld årer (lodd) og nokre var ekstra heldige og vann fleire gonger.
Betelskipet "Elieser 6" skal snart på hovudklassing (5. desember) og i opplag til over nyttår. Men først er det møte på Hjellvik på Osterøy 2. og 3. desember og Bekkjarvik 4. desember.
Velkommen om bord!