07.11.2022 av Astrid Hakestad Throndsen
ELIESER i Ryfylkebassenget
Endeleg var det å lesa i Trygg Havn at seglingsplanen for Betelskipet peila seg inn lengre sør denne hausten.
Det var lenge sidan no me kunne helsa båten med flagg frå verandaen der han siglde forbi Finnøy i fleire retningar.
«Elieser 6» kom til Finnøy 3. november og la til kai på Reilstad. Ein av kaiane som framleis er godkjende av hamnemyndigheiter. Eit stort banner med «Velkommen til møte kl 19» var hengt opp på båten.
Elieser fylles opp
I rekkja av ti-tals basarar og lotteri på Finnøy denne hausten, klarar altså Elieserforeininga å fylla salongen med støttespelarar til misjonen.
- Vi er så klart tilbake i gamle spor etter koronarestriksjonane, seier Helga Hebnes.
Det var ein mørk og regntung kveld, men folket kom. Elieserforeininga på Finnøy stod for gevinstar og masse god heimebakst.
Programmet for kvelden hadde Elieser sitt mannskap ansvar for.
- Svært grei ordning, seier Sissel Halsne Bleie under trygg leiing for kvelden. Sissel er leiar av foreininga.
Generalsekretæren i DISM Arne Helleland har vore om bord mest heile oktober. Her får han møta ektefelle Siv Mette, og dei syng samstemt. Arne er også koordinator for «Elieser 6».
Siv Mette og mannskapet leier forsamlinga i «Eliesersangen». Siste verset oppmodar til
eit ja til Han som tok vår synd og skam på Golgata.
Synne Magerøy, som er i lære hjå Siv Mette i byssa, kan meir enn å ta over «kokkeleringa». Ho song a capella: «Deg å få skoda». Så fin tolking av den eldgamle salmen!
Glade gjevarar
Thomas Kjær Olsen, landsforkynnar for DISM, var talar for kvelden. Han såg tilhøyrarane som dei glade gjevarane. «Korleis skal me lukkast i misjonsarbeidet? Nei, ikkje lukkast, det blir feil ord- men gjera det Gud vil me skal gjera, med Ord og handling.
Så lenge Guds Ord finst, skal ikkje hjarta ottast. Slik talar din Gud til Israel gjennom Jesaja . Du kan lita på Gud og byggja på Ordet i tenesta. Det er Han som gjer deg sterk og hjelper deg."
Same trykket
Foreininga er svært så nøgde med resultatet. Skulle ikkje tru det var mogeleg å halda same trykket som tidlegare med så stor basaraktivitet. Og Korona har ikkje sett misjonen på vent.
Damene var litt usikre på om Elieser var gløymd etter 3 år pause. Så dette var gledeleg. Det blei sant det som talaren såg. Båten var fylt opp av glade gjevarar.
Bilde:
KNALLGODT: Er det noko misjonskvinnene kan så er det å traktera gjestene med knallgod heimebakst. Foto: A. Hakestad Throndsen.
Les meir frå basaren i desemberbladet Trygg Havn. Der får du og vita kor mykje som kom inn på basaren (red.).