16.12.2022 av Arne Helleland
Julehelsing
Jula nærmar seg, og 2022 er snart historie.
ÅRET HAR VORE prega av å starte opp att arbeidet etter korona nedstenging.
No er mykje oppe igjen på nivå med 2019 med møte rundt om i landet, velferdsarbeid blant fiskarar og utanlandske sjøfolk, leirar på Sørheim, basarar, hyggekveldar og stemner. Takk til alle som er med i arbeidet på ulike måtar.
NO NÆRMAR DET SEG julehøgtida igjen, og me skal på nytt minnast at Jesus kom til jorda for vår skuld.
Tenk han er vegen, sanninga og livet! Johannes omtalar hans komme slik:
"Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han." Joh 1:11
SLIK ER DET i dag også. Mange vil ikkje ta i mot gåva. Mange veit ikkje dei har fått ei gåve, og mange trur ikkje gåva har noko verdi.
SÅSKAL ME også i 2023 få lov å forkynne som det står i 2 kor 5.20:
"Så er vi då sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana gjennom oss. Vi bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gud!"
VIL YNSKJA kvar og ein ei velsigna julehøgtid og eit godt nytt år!
Med venleg helsing
Arne Helleland Generalsekretær