Julemessa i Spjelkavik Bedehus

Den Indre Sjømannsmisjon si julemesse i Spjelkavik Bedehus var laurdag 12. november.

Det vart etter kvart stor tilstrøyming av folk - ja, heilt fullt hus.
Vi hadde salgsdisk med kaffi, kaker og riskrem.
Rjomegraut og risgraut vart også servert mykje av. Vidare hadde vi salgsdisk med strikka, hekla og sydde produkt, og det var ikkje så reint lite med strikka raggar, vottar og tøfler. Mange variantar av panneband, luver og gensarar. Nydeleg klippfisk, julekaker og lefser var også å finne. Vi hadde også eit punkt med tombolatrommel, og det var ekstra populært for borna. Så hadde vi loddsal i den tradisjonelle loddboka, og sal av julehefter.
Vi var så heldige at Sunnmørguttene kom og song på messa.

Alf Gunnar Sleveland hadde ein fin andakt, der han først hadde glimt frå tida si i Ungdom i Oppdrag.  Han peika også på at vi har Gud til Far, og at vi får kvile i hans fullbrakte frelse. Gud og Den Heilage Ande kan arbeide gjennom oss ufullkomne menneske. Så er det ikkje kva eg og du har fått gjort for Jesus, men kva HAN har fått gjort igjennom oss, som eigentleg er viktig. Det er gjerningane som ligg ferdige for oss.

Det var tre rundar med åresal, og til slutt trekking av loddboka. Mange fine gevinstar gjekk til glade vinnarar. Det vart eit flott økonomisk resultat på julemessa, sikkert like mykje som i fjor. På grunn av forhåndssal av lodd, og innbetalingar på bank, så har vi ikkje nøyaktig tal ennå. Men vi reknar med
rundt kr 130 000, så vi er godt fornøgde, og takkar Herren for velsignelsen!

TUSEN HJARTELEG TAKK til alle som kom med gevinstar, mat og salsvarer! Me er så takknemlege! Også stor takk til alle som var med og hjelpte til på messa!

Bilde: ALF GUNNAR SLEVELAND. Foto: A. Sætre

Sjå meir på Møre og Romsadal krets si Facebook-side.

0